Vi var på hyttetur igjen forrige helg. Vi benytta oss av det fine været, og fann veien opp til Bottemsætra. Utgangspunktet var hytta vår som er 550 moh.

Vi kosa oss, sjølv om sola ikke var framme heile tida. Passelig temperatur for en fjelltur.En liten time til bortover, og denne idyllen dukka opp:

Kvennåa
Skikkelig fin badekulp, om det berre var varmare i veret..
Koselig turfølge hadde eg òg

Min kjære <3
Mobilkameraet ble flittig brukt, og sjå her http://lappverk.blogspot.com/ kva eg fann! Vi såg ikkje så mange av desse, som då eg og du var på tur. Berre eitt levande, som styrta over vegen så fort at mobilkameraet ikkje klarte å fange det opp… Ellers var dei halvetne, eller som her; heilt flate. Det er lemenår i år

Flatt lemen
Ellers har eg “forska” litt på ulike visittkort. Her har nokon hatt bol midt i stien, spørs om det er ei lita skogsmus som har bodd her under snøen i vinter. Bildet lyg litt, for knartane var bitte bittesmå.

Musebæsj, eller?
Spørs om den har havna i magen på den som la frå seg denne litt lenger oppe på stien:

Revebæsj?
Her var det sikkert reven som hadde vore ute på jakt, og kvittert med en kladeis. I fjor var det kyr på sætrane her, og dei hadde lagt frå seg denne

Ku
Dessuten var her ferske spor etter hjorten:

Ja, ja http://lappverk.blogspot.com/ , da var det meste av etterlatenskaper dokumentert. Når ikkje vi kom oss opp på sætrane på treningsleiren vår, slik at du fekk pirka i det med stavane dine, så får du ihvertfall sjå det her, nesten som på Barne-TV, Hvem har bæsja
Eg har også funne hjertesteinar, Lilleyam .

Hjertestein 1

Hjertestein 2
Eg fann berre to, men du er hjertelig (!) velkommen med kameraet ditt, så kan vi leite etter fleire. Med ditt øvde blikk finn vi sikkert mange
Vi fann tyte frå i fjor. Overvintra tyte er sikkert ikkje like god som den vi finn til hausten igjen.

Tyte frå i fjor
og naturens spiskammer forbereder seg på ein ny haust, blåbæra held på å knyte seg.

Tre med "oppovergrein"
Vi fann rare tre, som voks litt utover og litt bortover.
Så begynte vi på heimturen. Svarttjønna sett frå andre sida, no var isen vekke også.

Svarttjønna frå "baksida"
Slik var det her for berre tre veker sidan:

Svarttjønna

På tur heim

Tilbake på hytta
Vi hadde oss to turar opp på sætrane denne helga.






